Botanisk illustrasjon er ei form for bildekunst som går ut på å framstilla kjenneteikna til ein særskild plante gjennom å få fram utforminga, fargane og andre detaljar, ofte gjennom ulike plantestadium. Dei blir brukt i plantebøker, blad og andre medium, ofte saman med ei botanisk skildring. Botaniske illustrasjonar blir ofte brukt som hjelp til å identifisera plantar. Dei kan også brukast til rein dekorasjon. Medan illustrasjonane tidlegare var eit særs viktig hjelpemiddel innan biologisk klassifikasjon, er dei kunstnariske bilda i mange tilfelle blitt erstatta av fotografi.
Ein botanisk illustratør kan bruka fotografi som hjelpemiddel, men arbeider gjerne helst ut frå verkelege plantedøme for å få rett farge, storleikstilhøve og framsyning av oppbygginga til planten.[1]
I ein botanisk illustrasjon er det viktig å skildra dei ulike plantedelane, som blad, blome, knopp, frø, stilk og rotsystem, på ein tydeleg måte. Ein slik illustrasjon viser derfor gjerne ei idealisert form av ein plante. For å driva med botanisk illustrasjon treng ein grundig kunnskap om botanikk. I mange høve var botanikarar sjølv dyktige teiknarar.